mandag 19. desember 2011

Reflektor

Ein reflektor kan vere med på å reflektere lys. Reflektorer blir brukt til å sjerme for lys og få frem det lyset du ønskjer. Gull for varmt lys og sølv for kaldt lys.   

Oppsummering haust 2011

Dette halvåret har vi jobba med faget Foto. Dette har vore spennande, men også utfordrande.

Foto
Eg har lært mange nye tekniske ting på kameraet, for eksempel  korleis eg stiller på lukkar og blendar. Men også korleis eg skal bekrive kva som får meg til å like eit bilde. Eg synes det har vore nok utfordringar.

Blogging
Eg har lært korleis eg skal bygge opp ein blogg med tekst og bildar. Eg synes vi har fått mange utfordringar. Nokre gonger har det vorte til mykje å skrive på bloggen.

Arbeidsmetodar
Eg har lært korleis det er å jobbe raskt og variert med mykje på ein gong. Dette har vore krevjande og stressande. Eg synes det har vore nok utfordringar. Eg hadde bilt veldig glad vis det hadde vore meir praktisk arbeid (ta bildar i nye omgiveler eller settinger). Og ikkje så mykje teoretisk (skriving på blogg). 

mandag 12. desember 2011

Det beste bilete

Eg synnes at dette er det beste bilete fordi eg liker så godt fargane og kontrasten mellom blå og orange. Bilete er ikkje spesielt tydeleg, de er berre nokre regndropane som er fokusert, dette er eit virkemidel eg har brukt for å framheve vatne, frå alt det blå. Eg har valgt å ta med lyset oppe i venstre gjørne for at bilete ikkje skal bli så kaldt. Det er også ein trekant midt i bilete, danna av refleksjonar av lys. Dei oransje lysa er er med på å binde lyset i venstre gjørne saman med resten av bilete. Desse elementa gir bilete eit estetisk preg. Som eg liker veldig  godt. Bilete er tatt i vindauget heime, om hausten blir det fort mørkt og det er vanskeleg å få tatt lyse bileter ute. Derfor synnes eg at dette er ein bra løysning på bileter når det er mørkt og vått. Det er ikkje mykje dybde i bilete, men det har eg heler ikkje hat ønske om å skape. For meir info sjekk bilete lengre nede.

søndag 11. desember 2011

Vurdering av 10 biletar

Ein kveld det regna og blåste, la eg merke til at det glitra og skinte frå vindauget. Det er det eg har prøvd å gjenskape her. Eg har prøvd å fange refleksjonen av lyset i regndråpane. Det går ein skrålinje tvers gjennom biletet, som blir skapt av lys og fokuserte regndråpar. Det blir også skapt andre linjer som er med på å tydlegjer komposisjonen. Lyset er kunstig og direkte, det kjem frå lysa i bakgrunden. Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 3200  
Blender: f/ 5,6 Lukker: 1/ 80. Dette bilete høyrer til vatn. Eg har lært å kombinere vann og lys.     
Ideen bak dette biletet var å prøve å få fram vanndropane i biletet, ved hjelp av lys og bakgrunnd. Eg liker godt kontrasten som blir skapt mellom dei varme og kalde fargane i bilete, regndropane har kontrasten i seg. Det er lyset som er opp i venstre gjørne som er i fokus saman med nokre regndroper rundt. Lyset som er i fokus er med på å sende ut skrålinjer i biletet. er med på å binne biletet saman. lyset er både kunstig og naturlig. I bakgrunnden er det indirekte naturlig lys. Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 400  
Blender: f/ 4,8 Lukker: 1/ 30. Dette bilete høyrer til temaet vann. Har lært  å bruke vaten for å freme farge å lys.    
 Her var ideen å fokusere på dropane forma som perler, det ser ut som perler tred på tråd. Den største dropa er interessepunktet, spinnelvevet trekkar mange skrå linjer mot sentrum, dette skaper spennding i biletet. Lyset er naturleg og indirekte. Lyset har lagt seg inn i kvar vanndrope. Biletet er redigert i IPhoto eg har forsterka kontasten mellom lys og mørket i biletet, slik at biletet ikkje skal bli så gråt. Orginalen liger under teksten.  Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 100  
Blender: f/ 5,6 Lukker: 1/ 160. Dette bilete høyrer til temaet vann. Har lært at kva du skal gjere for å framheve vatne, ved hjelp av lys og stemning.   


Her har eg prøvd å knytte omgivelsene  og miljøet saman med personen. Biletet ser kaldt ut, pågrunn av regnet og den grå fargen som legg seg over biletet. Ansiktet er også kaldt og ser trøyt ut dette kjem av lyset. Interessepunktet er ansiket, regnet skrår mot personen. Dette får oss til å fokusere på ansiktet. Det kjem indirekte naturlig lys frå vindauget og legger seg over ansiktet. Det kjem kunstikt lys frå den andre sida og leg seg over det andre kinnet. Dette bilete er redigert i IPhoto, eg har gjort biletet kaldere og gjort alle farger svakere for å få frem det eg ønskjer i biletet. Orginalen er under teksten. Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 400  
Blender: f/ 6,3 Lukker: 1/ 50. Dette bilete høyrer til temaet protrett.  Eg har lært at det er mogleg å knyte personenr til omgivelser og miljøer, ved hjelp av ulike hjelpemidel. 



 Her har eg fokusert på rom, eg har lagt fokus på den fremderste greina og latt resten av greinene bli meir og meir ufokuserte deslenger bak du kjem. Dette er ein enkel komposisjon, det er mange skrålinjer som strekjer seg gjenom biletet. Nokon linjer er paralelle andre kryser kvarandre. Bakrunnden er delvis nøytral, nokre elementer kan vere lit forstyrene. Lyset er naturlig og indirekte. Eg har ikkje redigert bilete Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 100 Blender: f/ 6,3 Lukker: 1/ 160. Dette bilete høyrer til temaet romskapande virkemiddel. Har lært at skrålinjer og mørke og lys er med på å skape rom.   


Her har eg eksperimentert med dybdeskarpheit. Når eg ser inn i dette bilete ser det ut som komet forseter videre inn i sølepytten. Strået som speiles i vannet er interessepunktet. Det er skrålinjer som går inn i biletet er med på å forsterke kjensla dybde. Lyset er indirekte og naturleg, det er også med på å reflektere strå og gress.  Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 100  Blender: f/ 36,0 Lukker: 3. Dette bilete høyrer til temaet romskapande virkemidel. Har lært å eksprimentere med lukker og blender. 
Her har eg fokusert på enkeltpunkter, som vanndropen som er ned til venstre, men også der greina splites. Dette biletet består åv ein grein som splites og sender ut nye greiner i mange nye vinklar. Dei går frå tydleg til utydeleg eller omvendt. Lyset er indirekte og natulig. Bilete er ikkje redigert. Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 100  
Blender: f/ 3,5 Lukker: 1/ 160. Dette bilete høyrer til temaet romskapande verkemiddel   


 Ideen med dette bilete var å teste ut sjølvutløysaren på kameraet. Interessepunktet er ansiktet i midten, som blir framheva av ansikta på kvar si side og armane som går skråt mot sentrum av bilete. Lyset er kunstig og indirekte. Bilete har blit redigert i Photoshop eg har gjor auger og tenner lysere, og fjerna eventuele skavanker. Orginalen er under teksten.  Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 100  
Blender: f/ 8,0 Lukker: 1/ 60. Dette bilete høyrer til temaet Photoshop. Her har eg lært å eksprimentere med sjølvutløysar, samstundes som eg har brukt enkel redigering i Photoshop.

Her har eg prøva å fremhevje personlegheita ved hjelp av digetalehjelpemiddlar i Photoshop. Det fyrste du ser er det fargerike ansiktet som står i kontrast med alt anna i bilete, resten av bilete er svartkvit, dette framhev fargane. Lyset er kunstig og indirekte. Fotoet er redigert noko som er veldig tydeleg, det er redigert i Photoshop. Eg har lagt på svart kvit og forandra nyansane ette slik eg vil ha det for så å få tilbake fargane i speilet. Orginal er under. Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 200 Blender: f/ 8,0 Lukker: 1/ 60. Dette bilete høyrer til temaet Photoshop. Eg har lært å bruke digetale hjelpemidlar som Photoshop, for å freme dei eigenskapane eg ønskjer.    





I dette biletet har eg prøvd å fram ein sinnstemning, det kjemer tydeleg fram at jenta er overaska. Dette er på grunn av auga og munnen. Auga er forstøra, nesten runde. Jenta står i kontrast med den nøytrale bakgrunnen. Ho står i sentrum for bilete. Lyset er Kunstig og indirekt. Kameraet som eg har brukt heier Nikon D3100. ISO: 200  
Blender: f/ 8,0 Lukker: 1/ 60. Dette bilete høyrer til temaet portrett. Eg har lært å bruke biletar til å få frem ein sinnstemning.