mandag 9. januar 2012

Siste innlegg


Dette blir det siste innlegget eg legg ut. Første termin er snart ferdige, og me skal nå starte med trykk, noko som verkar veldig spenndane. Dette har vore eit kjekt halvår, med mange nye oppdagingar innanfor foto, som eg kjem til å ta med meg videre.  Eg håper det har vore kjekt å følgje utviklinga vår

Bokomslag



Me har fått i oppgove å lage eit uttrykksfullt bokomslag, ved å jobbe med eit foto som me har tatt.
Oppsettet på boka har eg laga på InDesign, for der er det lett å få det oppsettet og effektane du ønskjer. Eg har valt å plassere eit bilde der det var eit strå som såg ut som ein vaker blome på grunn av isen som har lagt seg rundt. Eg har lagt på svarte rektangla over biletet for å skape kontrast med dei lyse grå fargargane.
På baksida av på boka har eg satt eit anna utsnitt av det same bilde som på framsida, men dempa fargane og gjort dei meir gjennomsiktige. Eg ønska at det skulle vere noko som bant sidene saman.
Temaet til boka er romantikk, eg har prøvd å få fram dette ved bruk av den tynne og snirklete skrifta på tittelen og forfattaren på framsida. Eg har også tatt denne skrifta på overskrifta bakk på boka. Eg lat vere å sette den same skrifta på ryggen og infoen av boka slik at boka skulle virke noen lunne seriøs. Hadde det vore overalt ville det blitt forvirrande og irriterande å lese.
Denne oppgoven har gjort meg veldig obs på kor vi skal sette dei ulike formelementa og fargane for å få symbolisert det du ønskjer å få frem. Men også kor inverking fargar har på oss. Det kan vere krevjande å lage eit bokomslag når du ikkje vet kor du kal begynne.